|
Generelle innstillingar
Skalering
Synest
du at ikona og menyane i OpenOffice er små - særleg om du
driv med opplæring i bruk av OpenOffice kan dette vere eit
problem eller kanskje du berre ser litt dårleg. OpenOffice har ei
finesse for dette. Velg Verktøy - Innstillingar - og velg Vis
under generelt:

Prøv
deg fram med å sette f.eks. skaleringa til 150% og velg store
ikon - du vil få ei ny oppleving av OpenOffice.
Automatisk lagring
Skriv du ofte lange dokument? Hender det at maskina
låser seg utan at du har lagra? Du kan få OpenOffice til
å lagre automatisk for deg. Velg Verktøy - Innstillingar -
Last inn/lagre - Set kryss for Automatisk lagring og bestem kor ofte du
vil at arbeidet ditt skal lagrast.

Dersom du vil bekrefte at den skal lagre - set du kryss i
"Bekreft lagring" - dette kan verte irriterande om du ofte skriv mykje
og lange tekstar. Då er det betre å fjerne krysset for
"Bekreft lagring" .
Leksikon/Wikipedia
Tekstbehandlaren/Writer
Loddrett linjal
Er du slik som meg at du likar å ha kontroll på
kvar på sida du er - då er det kjekt å sjå
både vannrett og loddrett linjal. OpenOffice. har som standard
berre å vise den vassrette linjalen. Du skrur på loddrett
linjal ved å velge Verktøy - Innstillingar - Tekstdokument
og Vis - set kryss for Loddrett linjal:

Tabell og utrekningar
Lag egne visittkort
Rekneark
Vis verdimerking
Dersom du vil vise kva for
celler som det er formel i og kva for celler det er tal i vel du Vis -
Verdimerking (pass på at det er hake framom). Dersom du vil at
dette skal visast heile tida vel du Verktøy - Innstillingar -
Rekneark - Vis og set kryss på verdimerking

Formater celler
Målsøking
|