Bruk av databasen |
|
|---|---|
|
Kom i gang med OpenOffice og MySQL Eit eksempel der vi lagar klasseliste for 2INA (Brukarsystem) |
Rediger tabellane i databasenHøgreklikk på tabellen du skal redigere velg Rediger tabell
Du kan no legge til felt i tabellen – du kan ikkje redigere dei felta som alt er der. For å kunne redigere eksisterande felt brukar du SQL og alter table kommandane. Lagre tabellen og lukk
Rediger ev. dei andre tabellane og koble fra (høgreklikk og vel koble fra). Koble til igjen ved å klikke på tabellar og tabellen du skal legge til data i. No er tabellen blitt oppdatert og dei nye felta komne med. Legge til ein ny tabell Høgreklikk og vel Ny tabellutforming HUGS alle tabellar må ha ein Primærnøkkel Lage spørringMerk spørringer i venstre del av databasevinduet, høgreklikk og velg ny spørringsutforming. No kan du velje kva for tabellar du skal hente data fra.
Merk ein og ein tabell og velg Legg til. Koble saman tabellane ved å merke feltet som det skal koblas på og dra over til tilsvarande felt i den tabellen som skal koblast til.
Du kan no velge kva felt du skal ha med i den nederste delen av vinduet. Du kan og sette inn sortering og avgrense kva felt du skal ha med. For å køyre spørringa klikkar du køyr.
Resultatet av spørringa får du no øverst i skjermbildet.
Lagre spørringa Vil du sjå SQL setninga kan du klikke på denne knappen Du kan og redigere SQL setning i det bildet du får opp no. Lage rapportarVelg Fil, Veiviser, Rapport
No får du opp veivisaren for rapport – på venstre side vel du datakilda/databasen rapporten skal bygge på. Når du har valgt denne får du på høgre sida opp tabellane og spørringane du har laga.
Vel den spørrina eller tabellen som inneheld dei data du skal presentere i rapporten.
Då kjem alle felta opp i det store feltet til venstre – velg dei felta du skal ha med. Klikk neste. I dette bildet vel du kva namn felta skal ha – du kan kalle felta noko anna det dei heiter i tabellen/spørringa.
I dette bildet vel du gruppering. Det betyr at om du vil ha ei liste over f.eks. Elevar fordelt på den enkelte klasse – må du velge klasse som gruppering. Klikk neste.
I dette bildet vel du kva for felt rapporten skal sorterast på. Dersom du vil at den skal sorterast på f.eks. Etternamn alfabetisk fra A – Å vel du det her. Du kan og seie at den skal sortere på førenamn dersom det er fleire med same etternamn. Klikk neste.
Det bildet du får opp no inneheld malar for korleis rapporten skal sjå ut – prøv deg fram og velg den malen som du synes passar best til dei data du skal presentere.
I dette bildet ligg deg og ein feil frå oversettarane. Default verdi er liggande rapport – dersom du skal ha ståande rapport må du velge liggande!!!!! Dette skal vere retta i versjon 1.1.3 og i engelske versjoner Klikk neste.
No er du nesten ferdig. I dette bildet vel du kvar rapporten skal lagrast. Det vert automatisk laga ei lenke til rapporten under lenker i datakilde bildet. Du vel her om rapporten skal vere statisk – altså ein rapport som viser dei data som er på dette tidspunktet og ikkje oppdatere seg om du legg inn fleire data, eller dynamisk – rapporten vert automatisk oppdatert med nye data. Klikk opprett. Lage skjemaDu finn veivisaren for skjema på same måten som for rapport. Også her må du først velge datakilde/database og deretter tabell eller spørring. Deretter kva felt du skal ha med – som oftast alle. Klikk neste.
I dette bildet vel du layout for skjemaet.
No får du opp spørsmål om kvar du skal lagre skjemaet.
No vert skjemaet laga og lagra. Det vert laga ein link til skjemaet under lenker i datakilda du har valgt. Skjemaet er no klart til bruk, men ofte ynskjer vi å redigere skjemaet slik at det blir meir brukarvennleg.
Hent fram verktøylinja skjemafunksjonar (langtrykk på 4 knapp fra toppen på verktøylinja til venstre i skjermbildet) bruk musa for å flytte verktøylinja dit du vil ha den. Klikk først på redigeringsknappen, deretter klikkar du på pil for å velge alle felta i skjemaet. No er skjemaet merka resten av bildet er eit vanleg tekstdokument. Øverst har du no fått ei ekstra verktøylinje. Knapp nummer 5 fra venstre
Den treng vi først og fremst dersom vi skal sette inn delskjema – for å kunne redigere data i frå fleire tabellar samtidig. Det er og mulig å sette inn delskjema frå ein annan database om vi skulle trenge det. Klikk på standard i skjemanavigering –høgreklikk og vel ny - skjema.
Nå du no klikkar på knappen tabellkontroll Du får då opp veivisaren for tabellkontroll.
Det vil seie at du må velge datakilde og tabell som skal settast inn i det området du nettopp teikna.
Klikk neste.
Vel dei felta du skal ha med. Klikk neste. For å kople saman hovudskjema og delskjema må ein bruke noko som kallast «Named Parameters». Dette skal eg lage ei vegleiing til snart. For å få eit brukarvennleg skjema bør du
lage overskrifter og gjerne ei kort brukarvegleiing til den som
skal bruke det. Når du er ferdig klikkar du på
knappen utformingsmodus Lagre skjemaet når du er fornøgd med layout. Hugs BRUKARVENNLEGHEIT. |