Lær og bruk database |
|
|
|
SkjemaVi har no laga sjølve databasen. Vi kan registrere data direkte i tabellane, men ved hjelp av skjema kan vi gjere dette mykje meir brukarvennlig. Vi kan lage skjema på to måtar:
Vi skal bruke vegvisar og deretter redigere skjemaene, men først må vi vite kva for skjema vi treng:
Lag skjema med veiviserVi lagar først eit skjema for å registrere bøker - dette skjemat byggjer på tabellen BOK. Start vegvisaren:
Når du har starta vegvisaren må du velge kva for ein tabell du skal bruke i skjemaet - Vi skal først lage skjema for BOK:
For å ta med alle felta i tabellen i skjemaet klikkar du på den doble pila som er merkt med ein sirkel i bildet ovanfor. Når du har klikka på denne vel du Neste. Denne delen brukar vi når vi skal legge til delskjema, men det skal vi ikkje gjere endå:
Klikk på neste.
Her skal vi velge korleis skjemaet skal sjå ut. Som hovudregel skal ikkje hovedskjemaet vere tabell. Ein kan velge mellom:
Velg neste
Her skal du velge datainnskrivingsmodus - i dei aller fleste tilfella treng du ikkje gjere noko her. Velg neste
Her vel du stilen på sida - bakgrunnsfarge. Dersom du ikkje finn nokon stil som du likar kan du manuelt velge annan bakgrunn på sida seinare. Velg neste
I dette bildet skal vi gi skjemaet namn. Som standard får skjemaet same namn som tabellen. Gjer det til ein god vane og legg til _skjema i skjemanamnet. Vi skal også inn å redigere litt i skjemaet før vi skal bruke det. Velg derfor rediger skjemaet i staden for Jobb med skjemaet som er standardverdi. Velg neste Skjemaet er no klart til bruk, men for å gjere det litt meir brukarvennleg så skal vi sette inn litt overskrifter og hjelpetekster. Når vi opnar skjemaet i redigeringsmodus har vi to ekstra verktøylinjer. Dersom du ikkje har desse må du finne dei ved å velje Vis - Verktøylinjer og sørge for at det er haka av for Skjemautforming og Kontrollelementer for skjemaer. Kontrollelementer for skjemaer
Verktøylinja Skjemautforming
Rediger skjemaetVi bør legge inn overskrifter og hjelpetekster i skjemaet slik at det blir mest mulig brukarvennlig. Hent fram verktøylinja med tegnefunksjoner (knapp med grønn blyant øverst). Her kan du bruke Tekstboks verktøyet for å legge inn tekst der du vil ha den. Du kan no prøve å redigere skjemaet slik:
Lagre og lukk skjemaet. Skjema med delskjema - skjema for å registrere utlånFor å registrere utlån må vi tenke gjennom kva som er mest hensiktsmessig.
Vi skal i dette eksempelet ta utgangspunkt i det siste - sjølv om det kanskje ikkje er det mest hensiktsmessige i det lange løp. Då vil vi kunne bruke dette skjemaet både til å registrere nye låntakarar og til å registrere utlån og innlevering. Bruk veivisaren på same måten og lag skjema for Låntakar, men når du kjem til trinn 2 i veiviseren så skal du sette kryss for underskjema og velge boklån slik:
I trinn 3 i veiviseren tek du med alle felta som er i underskjemaet:
Trinn 5 - Utforming av skjemaet vel vi hovedskjema med kolonner og underskjema som tabell slik:
Fortset no gjennom veivisaren på same måte som når du lagde skjema for bok. Pass på at du vel å redigere skjemaet før du avsluttar veivisaren. Rediger skjemaet slik at det ser slik ut:
Hente poststad frå PostadressetabellenDet er ikkje alltid like lett å hugse på alle postnummera, derfor kan det vere kjekt å hente poststaden frå Postadresse tabellen. Dette
skal vi gjere ved hjelp av ein listboks. Vi klikkar på Listboks verktøyet
Velg tabellen Postadresse og klikk på neste.
Velg Poststad som er det feltet som skal komme fram i listboksen, og velg neste
I dette bildet skal du velge dei felta som skal koblast saman - i dette tilfellet er det Postnummer frå begge tabellane som skal veljast. Når du har gjort det vel du Fullfør. No kan du lagre skjemaet ditt og teste det. Vil du tilpasse utsjåande på den nye listboksen til dei andre felta kan du:
Gjere delskjema meir brukarvennlegSlik delskjemaet er no er det ikkje så veldig brukarvennleg. For kvar bok som skal registrerast må bibliotekaren skrive inn ISBN-nummeret - det hadde vore kjekt om ein kunne t.d. ha ei liste med titlar og velge i. Det andre vi skal ordne på er at låntakaren skal kunne få opp ein "kalendar" når ein skal registrere dato. Vi skal byrje med å sette inn ei kolonne med boktittel
Nb Dersom vi hadde valgt tabell så ville vi fått ISBN_NUMMER i nedtrekkslista for den viser det første feltet i ein tabell.
Lagre og lukk skjemaet. No kan du legge inn testdata ved å bruke skjemaene - det er viktig å hugse på å legge inn postnummer og poststad direkte i tabellen - før du byrjar å legge inn andre testdata. Du bør også hugse på å legge inn nokre bøker før du byrjar å registrere låntakarar og utlån. Når du har lagt inn testdata er du klar til å lære om spørjingar gå til Neste side |