Lær og bruk database |
|
|
|
Rediger tabellarVi har i dette dømet importert SQL kode som opprettar tabellar for oss. Det er også fullt mulig å lage tabellane sjølv i Base. Ved å bruke vegvisaren når du tak i mange ulike tabelltypar og felt som er lagt inn som døme. I mange tilfelle passar ikkje desse typane til våre oppgåver og det enklaste då er å lage tabellar i utformingsvisning. For dei som tidlegare har brukt Access vil dette verktøyet vere velkjent. Før vi går inn og sett på igjen relasjonane skal vi no inn å redigere tabellane litt. I OpenOffice.org Base har vi tilgang på fleire datatypar og betre innstillingar for felt enn i Modellator. Høgreklikk på tabellen "Bok" og velg rediger:
Tabellen "BOK" treng vi ikkje gjere noko med, så den kan du lukke og lagre. Tabellen "BOKLAAN" skal vi redigere - høgreklikk på den og velg rediger. Felta UTLANSDATO og INNLEVERINGSDATO skal vere datofelt. Klikk på nedtrekksknappen i felttype og finn DATO. Lagre. No skal vi redigere Tabellen LAANTAKAR - høgreklikk og velg rediger. KUNDENUMMER er eit heiltall, dette er greit, men dersom vi i tilleg kan sette dette som AUTONUMMER treng vi ikkje å hugse på kva nummer den sist registrerte låntakaren hadde.
Velg Autonummer lik "Ja". Lagre. No er vi klare til å sette på relasjonar. Dersom du har laga tabellane manuelt treng du å sette på primærnøkkel. Høgreklikk i margen utanfor det feltet som skal vere primærnøkkel og velg "Primærnøkkel". Du får då ein nøkkel i margen framfor feltet. Dersom du skal ha ein primærnøkkel beståande av fleire felt held du nede CTRL-tasten medan du merkar dei felta som du skal ha med før du høgreklikkar og vel "Primærnøkkel". |