Brundalen søndag 25. juni

Folkestad Idrettslag står for arrangementet av eit av ti turmål i Volda kommune denne søndagen. Du finn meir informasjon på nettsidene til Volda kommune.

Brundalen - Bjørnesetsætra

Brundalen ligg i Kilsfjorden, og Brundalsvatnet (370 m.o.h.) dannar eit naturleg midtpunkt i dalen. Ved vatnet ligg det to sætrar, Bjørnesetsetra og Innstøylen, som er nytta av grunneigarane på Bjørneset og Botnen/Fylsvika. Av denne grunn er det også to tilkomstvegar til Brundalen.

Tekstboks: Oversiktkart over Kilsfjorden og Brundalen.
(Kartreferanse: Serie M711 – blad 1119 – 2. VOLDA)
 

Frå sør kan ein ta seg opp til Litledalsvatnet (242 m.o.h.) med bil via skogsveg frå Botnen (bomveg kr. 20,-), og vidare til fots opp til Brundalsvatnet og Innstøylen langs en fin sti.

Ein kan også ta seg opp til Brundalen frå vestsida (Bjørneset) langs bilveg (ikkje teikna inn på dette kartet) til ein parkeringsplass (300 m.o.h) og vidare ca 15 min til fots ned til Bjørnesetsætra (bomveg kr. 20,-).

Turen

Turen denne søndagen (25.juni) startar kl. 11.00 (ferje frå Volda 10.00 og 10.30) i Litledalen ved parkeringsplassen. Det er viktig at ein parkerar tett, fordi plassen er avgrensa. Vi går til Brundalsvatnet frå sør på ein lett og god sti, og vidare inn til Bjørnesetsætra. Denne turen tek om lag 45 min. for barnefamiliar.

Ved Bjørnesetsætra vert det lagt opp til rasteplass, med lavvo, grill og bål, og aktivitetar for borna. Dei som ynskjer det kan ta med seg pølser, grillmat og drikke. Medan dei vaksne nyt kaffi, kan borna vere med på skattejakt på sætrestøylen. Her er det også høve til å skrive seg inn registreringsboka.

Bildet syner Brundalsvatnet og rasteplassen for denne turen. Denne delen av vatnet har ei lang og fin sandgrunne, som høver godt for vading og bading på ein varm sumardag.

Vi kjem opp i sørenden av vatnet frå Litledalen, og stien inn til rasteplassen ved Bjørnesetsætra går langs vatnet venstre side. Vi ser fjellet Keipen i morgonsol i sør.

Aktivitetsgruppa har også lagt ut ein fjellpost på Bjørnesethornet (739 m.o.h), som er ein høveleg tur på ca. 1 time frå Bjørnesetsætra. Dette fjellet er eit flott utgangspunkt for eit godt utsyn over Volda og øyane.

Når det gjeldet returen frå Bjørnesetsætra attende til parkeringsplassen i Litledalen, er det to alternativ; det eine er å gå tilbake same vegen som vi kom. Det andre alternativet er å gå langs skogsvegen mot Bjørneset. Etter ca. 30 min tek ein av frå skogsvegen, og går i retning Litledalen. Denne stien vert godt merka, og skal vere lett å finne. Elles kan ein nemne at stien har ein liten passasje med myr, så hugs godt skotøy.

Vi ynskjer med dette alle vel møtt!

 

Leif Røv
Aktivitetsgruppa
Folkestad Idrettslag