LOGO

Fjelltrim

Fjellkart

1. Veten 577 moh. - 7 p.

2. Galten 570 moh. - 6 p.

3. Kyrshaudet 573 moh. - 4 p.

4. Heidahauen 600 moh. - 6 p.

5. Lisje Blåfjellet 640 moh. - 10 p.

6. Blåfjellet 1065 moh. - 15 p.

7. Sandåna 672 moh. - 10 p.

8. Storetua 823 moh. - 10 p.

9. Sætrehornet 760 moh. - 10 p.

10.Krumsvikhornet 520 moh. - 10 p.

11.Keipen 944 moh. - 10 p.

12.Bjørnesethornet 739 moh. - 10 p.

Aktivitetsgruppa v/ Leif Røv

Fjelltrimmen vert meir og meir populær, og tal registreringar i bøkene har auka også i år. I år vart Bjørnesethornet og Keipen lagt til, og ein hadde i alt 12 turmål å velje i. Aktivitetsgruppa hadde også utarbeid eit kart med oversikt over alle turane i område. Totalt kunne ein registrere 302 personar i bøkene, og som til saman hadde gjennomført 1035 turar. Bente Fylken, med sine 69 turar, var den som var mest aktiv i 2005. Ho fekk ein fortent merksemd under basaren til idrettslaget i haust.

Søndag den 26 juni arrangerte aktivitetsgruppa TURSØNDAG 10 Turmål på Folkestadsætra. Ein nytta Blåbu som møtestad før turgåarane gjekk vidare rundt Folkestadvatnet. Her var det høve til å få kaffi, brus til borna og grilling. I tillegg hadde gruppa set opp ein lavo og hadde aktivitetar for borna. Det var om lag 120 personar som skreiv inn i boka denne dagen.